Ørskog Energi

Ørskog Energi AS er eit nettselskap som er eigd av Skodje Kommune (48,7%), Stordal Kommune (20 %) og Ørskog kommune (31,3 %)

 

Velkomen til Ørskog Energi

Ørskog Energi AS er eit nettselskap som er eigd av Skodje Kommune (48,7%), Stordal Kommune (20 %) og Ørskog kommune (31,3 %).

Forretningside:
Med basis i vår kjernekompetanse innan effektiv nettdrift skal vi dekke behovet for produkter og tenester innan utbygging, drift og vedlikehald av energiforsyning og beslekta infrastruktur.
Selskapet har si historie tilbake til tidleg i 1920 åra då Tafjord Kraftselskap bygde ut produksjonsanlegga i Tafjorden.
Organiseringa av selskapet har i denne perioden utvikla seg frå fleire kommunale selskap til eit interkommunalt selskap (Ørskog Interkommunale Kraftlag) og til aksjeselskap med namn Ørskog Energi AS frå 01.01.2000.
EL-tryggingsarbeidet har vi i dag organisert gjennom selskapet Elsikkerhet Møre AS. Dette selskapet utfører det praktiske tilsynsarbeidet for det lokale eltilsyn (DLE) ved Ørskog Energi AS. Selskapet er eigd saman med fleire nettselskap i distriktet, og utfører el-tryggingsarbeidet i dag for over 70 000 kundar.
Ørskog Energi AS har i dag 16 tilsette. Desse fordeler seg på administrasjon, drift, eltilsyn og kundebehandling. Selskapet har eit nært og tett samarbeid med andre everk i området.

Som tidlegare annonsert, så er avlesing-/avrekningsperiodane, endra frå 4 til 6 avlesingar/avrekningar pr. år. Sjå Nyhende for meir informasjon.

 


Siste nytt:


Medalje for lang og tro teneste
Terje Nybø og Harald J. Skodje heidra for 30 års teneste i Ørskog Energi

Les meir (30.11.2011)
Nye avlesing-/avrekningsperioder
Nyhende Nye avlesing-/avrekningsperioder, og tariffar for 2011 Med bakgrunn i dei høge straumprisane vil Ørskog Energi frå 2011 gå over frå 4 til 6 avrekningar pr. år som standard avreknings-frekvens. I samband med rekninga for 4. kvartal 2010 vert det sen...

Les meir (12.01.2011)
Feil i prøveavrekninga
Feil i prøveavrekninga ved avlesningsdato ulik 01.01.2011

Les meir (04.01.2011)

Ørskog Energi
Postboks 220
6249 Ørskog
E-post:
firmapost[krøllalfa]orskog-energi.no
Telefon : 70 27 35 00 Telefaks : 70 27 35 01

Publisert med Visto CMS